torsdag 13. desember 2007

Hemmeleg venn-gave

I dag var det artigt å hente posten. I postkassa var det nemleg ei pakke som eg skjønte måtte vera frå min hemmelege venn på Hobbyforum. Da var det berre å skunde seg inn for å opne ho. Pakka såg slik ut:

Inne i pakka låg dette:

Ein spennande te som eg ikkje har smakt før, garnnøster med eit raudt silkeband rundt, ei pakke og eit triveleg julekort. Lurar du på kva som var inne i pakka? Ok, du får vel få sjå det òg da...

Mange små sjokolader! Nam nam....
Du lurar kanskje på kva for garn eg fekk òg? Det var tre nøster med silkealpakka fra Drops, har aldri prøvd dette garnet før, så det skal bli spennande.


Tusen takk for pakka Tittelure!!

1 kommentar:

Anonym sa...

Så speinnande å få pakke i posten!!:) Kos de mæ godteriet:) EK