torsdag 13. desember 2007
Endeleg ei oppdatering...
No er det lenge sidan det har skjedd noko her inne, men det betyr ikkje at eg ikkje har gjort noko handarbeid i det siste! Det meste av det eg har laga i det siste skal vera julegaver og sidan mange av mottakarane kan vera innom her kan eg ikkje syne det fram her enno. Men ein tung kan eg syne fram, og det er eit sjal hekla i englemasker. Dette er det fyrste gong eg heklar englemasker, og eg vart godt fornøgd med resultatet. Sjalet er hekla av Mohair Lux, garnet fekk eg forresten i "sommarvenn"gave fra hespetre. Sjalet skal eg gje til bestemor til jul. Det er syster mi som er modell for anledninga, det er som oftast ikkje enkelt å få ta bilde av henne, men sidan eg skulle ta bilde av ho frå bak så fekk eg lov...
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar