Dei siste dagane har eg gjort ferdig eit par julegaver som eg kan syne fram her. Fyrst er det eit par sokkar strikka i opal som vart ferdige for nokre dagar sidan. Dei er sendt til ei jente i Engeland. Litt seint ute kanskje... Men kjem det ikkje fram før jul så får ho det vel i romjula!

Så er det eit sett med hekla gryteklutar. Dette er fyrste gongen eg heklar med to fargar. Det vart eit par feil, men er ganske fornøyd likevel, dei får vera som dei er for no har eg ikkje tid til å lage ein ny...
1 kommentar:
Mottakeren av gryteklutene er fortsatt veldig fornøyd med dem!
Legg inn en kommentar