søndag 18. januar 2009

Romjuls-og nyttårsstrikking.

Da er det vel på tide å blogge litt at. Eg har da fått strikka litt i det siste òg.

Fyrst vil eg syne fram vottane som niesa mi fekk til jul som eg ikkje hadde bilde av i eit tidlegare innlegg.

Garn: Trysilgarn
Pinner: nr.3
Mønster: Raumagarn brosjyre nr 943B


Photobucket

Før jul hadde eg stoore planar om å strikke nissar. Det vart det sjølvsagt ikkje tid til, men i romjula fekk eg strikka og tova to stk. Dei er ikkje heilt ferdig enno, manglar skjegg og litt småtteri, men slik ser dei da ihvertfall ut no:

Photobucket

Garnet eg brukte er finullgarnet som eg fekk i HV i november, og eg fekk òg oppskrifta da. Utanfor vindauga ser dykk forreisten fuglehuset vårt som er forma som eit stabbur. Er det ikkje fint?

Så har eg strikka eit par sokkar til ein gut som vart 2år fyrst i januar. Dei strikka eg av garnet Vinca.

Photobucket

Før helga fekk eldstejenta mi invitasjon til gjebursdag hjå to tvilling-jenter på 6år, og da fann eg ut at eg skulle strikke tova prinsessekroner til dei. Dei er jo så raske å strikke, så dei vart ferdigstrikka fredag. Så putta eg dei inn i vaskemaskina på 40 grader for å tove dei, men da eg tok dei ut frå maskina hadde størrelsen vorte ca 1 år.... Den maskina eg har no tovar veldig mykje, stor forskjell frå den førre eg hadde som var veldig snill.. Det var litt kjedeleg da, ikkje hadde eg nok garn til å strikke fleire heller så da vart det kjøpt gave istaden.

Photobucket

1 kommentar:

Anonym sa...

Kronene ble kjempefine, så synd at de ble for små. Men de gjør nok lykke hos noen litt mindre prinsesser.