tirsdag 30. desember 2008

Klukka og julegaver.

Da er det vel på tide å syne fram dei julegavene som eg har laga og som ikkje er blogga før. Men fyrst vil eg syne fram kjolen eg har strikka til meg sjølv. Det er nok mange som har sett denne før da det er ganske mange som har strikka denne i løpet av 2008. Det har bla vore ein along på denne. Den var ikkje eg med på, men eg fekk lyst til å strikke ein slik ein eg òg. Og det fekk eg gjort i november. Den er strikka av tjukt garn på tjukke pinnar, så den var ganske rask å strikke. Garnet heiter Lett Lopi og er kjøpt frå Birgirsdottir. Der kan oppskrifta kjøpast òg. Eg fann oppskrifta i eit Familien. Fekk dattera mi på 5år til å ta bilde av meg med kjolen på, så her ser dykk resultatet:

Photobucket

Tidlegare i haust broderte eg ein julepostholdar som eg ikkje har synt fram her før. Den fekk systera mi og samboaren hennar til jul, og slik ser den ut:

julepostnisse


Bestemor ynskte seg eit par blå tovavottar, og da måtte ho få det:

Photobucket

Eg har gav òg bort eit par strikka barnevottar, men dei har eg ikkje bilde av. Det er eine niesa mi som fekk dei så eg skal sjå om eg får teke bilde av dei seinare. For eit par dagar sidan strikka eg ferdig eit par tovavottar til minstejenta mi. Både desse og vottane bestemor fekk er strikka i Fritidsgarn på p. 5.

Photobucket

Dette blir nok det siste innlegget dette året, derfor vil eg ynskje alle GODT NYTT ÅR!!

6 kommentarer:

Anonym sa...

Så fine ting du har laget. Klukka ble flott, og fotografen din var jo riktig flink hun. :o)

Anonym sa...

Fin kjolen din er. Har akkurat begynt på min, nesten ferdig med nederste kanten. Deilige votter og flott julepost du har laga. Ønsker deg og dine et godt nytt år

Anonym sa...

Så flott kjolen ble. Og jeg er imponert over julepostholderen.

Ønsker deg og dine ett rikti godt Nytt år

malla-b sa...

Kjempefine votter har vore å kjøpt garn eg og så no skal eg prøve dei etter nyttår. Kjolen var kjempefin og. Ha eit godt nytt hobbyår!

Anonym sa...

Tusen takk for alt det fine , håndlågå, som låg onde jultreet vårt i år au!!! Paret ve de alså;) Julepostheildaren æ knallfin og dæ æ vottein åt jentein au! KLEM

Hønehuset sa...

Nydelige klukka. Har lyst på en slik jeg også. Tror det blir det etterhvert...