I dag fekk eg pakke frå min hemmelege venn på Hobbyforum. Eg fekk to nøster sandnes alpakka, eit måleband, to merke til å stryke på, ein artig påskekjukling og eit triveleg påskekort. Eg har ikkje slikt "samanleggbart" måleband, så det var kjekt å få! Alpakkaen er veldig god og mjuk, så den gler eg meg til å strikke noko av. Kanskje det blir pulsvarmare av dei?
Tusen takk til min hemmelege venn som eg ikkje anar kven er! (Det hadde vore fint med eit lite hint...)
No har eg funne ut kven eg fekk denne pakka frå; nemleg hobbymusa! Tusen takk skal du ha!
1 kommentar:
Kjekt å få pakke det målebandet er utruleg praktisk.
Legg inn en kommentar