I påska har eg laga ferdig nokre prinsessepanneband. Det er ei stund sidan eg strikka dei, men dei mangla perler til pynt og så har eg fôra dei med fleece. Har brukt litt forskjellig garn på dei; fritidsgarn, vamsegarn og vikinggarn.

Her kan du sjå eit nærbilde av fôret. No blir dei gode og varme å ha mot øyra.

Pannebanda skal eg gje bort til nokre små prinsesser frå 7 mnd til 6 år.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar