Eg fann ut at eg treng eit par vottar å bruke i fjoset osv i vinter, derfor strikka eg eit par i restegarn. Dei er kanskje ikkje dei finaste vottane her i verda, men det er da heller ikkje så farleg når eg skal ha dei til arbeids-bruk. Dei vart tova litt vel mykje, men ikkje værre enn at det går an å bruke dei. Bildet vart heller ikkje av dei beste, men, men..
Så har eg strikka eit par vottar med hjarta på i str 4-6år.
Garn: Trysilgarn
Pinner: nr.3
Mønster: Raumagarn brosjyre nr 943B
Det siste votteparet eg har gjort ferdig er eit par 4H-vottar. Har strikka eit par slike før òg, men dei vart litt små. Eg brukte derfor litt større pinnar denne gongen, og da vart dei passe store. Eg har ikkje vaska dei enno, så dei ser kanskje litt ujamne ut, men det ordnar seg når eg får vaska dei. (og trådane er ikkje festa enno heller, men dei har eg gøymt så ingen skal sjå dei.. ;-) )
Garn: tynn alpakka
Pinner: 3 og 3,25
Oppskrifta stod i "Aktivitet" nr. 2/2008.
(medlemsbladet til medlemmane i 4H)
Eg har òg strikka ferdig eit par sokkar i ca str. 32. Dette skal vera ein del av ei julegave.
Garn: Vinca
Pinner: nr 3,5
3 kommentarer:
Kjempefine votter som ser varme og gode ut.Litt av ein produksjon.
HERRE MIN HATT kæ du produsera!!! Bli heilt over-imponert her e.... Du æ jaddi me dyktog:-D Tykte nå fjosvottein va kule e da;-D Klem frå ei imponert syster Eva Kristin...
Kjempemykje flott!! Knallflotte vottar og sokkar!!! Ønskjer deg ei flott veke! Fjøsvottar trur eg jammen meg at eg og må strikke...
Legg inn en kommentar