..denne gongen til meg sjølv! Dette er det fyrste paret med tovavottar som eg strikkar til meg sjølv, fann ut at no var det på tide! Eg skulle fylgje bestemor som hadde time på sjukehuset i dag. Ikkje artigt å bu så langt frå sjukehus.. Vi måtte sitja ca 10 timar totalt i drosje/buss for å koma dit. Men da fekk eg da tid til å strikke, og eg fekk strikka dette paret med vottar i dag. Tova dei da eg kom heim at i kveld.
Garn: fritidsgarnPinnar: str 5Oppskrift: her
2 kommentarer:
Vottene du har strikka er skikkelig fine! Har lagra og skrevet ut oppskrifta,for sånne votter vil jeg også strikke!
Ha en fin helg!
Kjempe flotte votter, ha ei flott helg :D
Legg inn en kommentar