onsdag 21. mai 2008

Boller og garn :-)

Det skjer ikkje så mykje her inne for tida. Grunnane til det er fleire, eg har mindre tid til blogging og håndarbeid for tida, og det er litt større ting eg driv med så det tek òg lenger tid for å få det ferdig. I dag har eg baka litt. Skal ha barneselskap i helga og derfor har eg baka muffins og boller. Muffinsane er både hjerteforma og runde, og med vanilje og til slutt nokre med kakao. Har sjølvsagt prøvesmaka litt.. nam nam...



Eg fekk òg pakke i dag frå Mauds garn. Skulle bestille litt grønt garn til 4H-vottar og da var det -25% på tynn alpakka der så det passa jo bra! Det vart med to nøster ekstra da, to svarte nøster som kanskje blir pulsvarmare..

2 kommentarer:

Fru Keilegavlen sa...

Mmmmm deilige bollar!!! Nydeleg garn du har shoppa! Gler meg til å sjå kva du tryller fram. Ønskjer deg ei flott helg.

duvi sa...

Finnes det 4H votter ???? Hvor finnes mønster på slike da?