onsdag 20. februar 2008

"Feel free"-sokkar

I kveld vart eg ferdig med det fyrste sokkeparet frå boka "Angels wear opals". Sokkane er kalla "Feel free!" Dette mønsteret var veldig enkelt og greit å strikke, og pent òg, så det blir nok fleire slike etter kvart. No har eg faktisk ingenting på pinnane, veit ikkje heilt kva eg skal starte på heller... Men eg har fleire ting eg har lyst til å lage, har forreisten fått bestilling på eit par slike gryteklutar som i førre innlegget òg, så eg skal nok byrje på noko at snart!


1 kommentar:

Fru Keilegavlen sa...

Så flotte sokkar! Og så kjekt at datra di likte pannebånda eg har strikka. ;)
God helg!