No har eg strikka pulsvantar av NORO-garnet som eg fekk i hemmeleg venn i september på Hobbyforum. Dette er fyrste gongen eg strikkar av dette garnet, og det var raskt og greit å strikke med, men trådtjukkelsen varierte noko. Somme stader var den ganske tjukk, og andre stader veldig tynn. Eg måtte faktisk klippe av ein liten ende, garnet var så tjukt der at eg tykte ikkje det vart noko fint. Men eg vart fornøgd da, kjem nok til å bruke desse eindel.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar