lørdag 4. mai 2013

Selbuvottar

Eg byrja strikke på desse vottane i august i fjor. Men så tykte eg dei vart så store, også vart dei berre liggjande der,- med berre ein tommel som mangla. I går tok eg dei fram at og strikka ferdig den siste totten. Så kasta eg dei inn i vaskemaskina og vaska dei ca ein time på 40 grader. Da hadde dei krympe litt, og vorte gode og mjuke. Så no skal eg gje dei i gave til svigerfar som blir 70 år neste veke. Oppskrifta er frå bladet Selbustrikk frå Rauma. Dei er strikka av finull på p 2,5.



2 kommentarer:

Linda sa...

Flotte vottar. Vert heldig han som får desse. Det er det som er greit med å stikke i rein ull, ein kan tove det som vert litt stort.

Liv sa...

Flotte votter!